Kort fortalt

Mange trygda taper på å jobbe

Arbeidsministeren vil vurdere å sjå på regelverket.

30.11.2023

(NPK-NTB): Det skal lønne seg å jobbe, seier arbeidsminister Tonje Brenna (Ap). Men forsking viser at 40 prosent av dei som går på trygd går i minus om dei jobbar.

Kristian Heggebø og Axel West Pedersen frå Velferdsforskningsinstituttet NOVA på Oslomet har analysert 89.000 hushald som hadde meir enn 90 prosent av inntekta frå stønader og trygd, skriv Klassekampen.

Blant hushalda som auka arbeidsinntektene frå 2017 til 2018, fekk nesten 40 prosent dårlegare familieøkonomi, medan 60 prosent fekk betre råd.

Pedersen seier at det er to grunnar til dette. Den eine er at folk mistar mellombelse trygdeytingar på grunn av tidsavgrensingar, til dømes sjukepengar. Den andre mekanismen er avkorting i trygda fordi arbeidsinntekta aukar.

– Det kan vere situasjonar der du får fleire ulike trygder på ein gong. Viss du aukar arbeidsinntekta litt, kan det i nokre tilfelle vere slik at du taper både trygd og bustøtte, seier Pedersen.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna tek atterhald om at ho berre har lese samandraget av studien, men meiner det er vanskeleg å seie noko presist om konklusjonen.

– Eg er glad for alle som forskar på dette og som er interesserte i å vite meir om korleis trygdesystemet vårt fungerer, fordi vi treng å ha oppdatert kunnskap.

– Det skal uansett lønne seg å vere i jobb. Viss regelverket verkar mot hensikta si eller slår feil ut, må vi sjå nærare på det, legg ho til.

(©NPK)

Publisert: 30.11.2023 10:58

Sist oppdatert: 30.11.2023 10:58

Mer om