Kort fortalt

Mange ventar med pensjon

Stadig færre tek ut pensjon før dei fyller 67.

10.11.2022

28 prosent av norske 62-66-åringar hadde teke ut alderspensjon i september 2022. Det er eit fall på 4,4 prosentpoeng sidan 2017.

Fallet er størst blant menn, skriv Nav i ei pressemelding.

Sidan 2018 har delen menn i aldersgruppa 62 til 66 år som tek ut alderspensjon, falle med 7,4 prosentpoeng, medan for kvinner har han falle med berre 1,4 prosentpoeng.

– Vi trur noko av grunnen til at fleire no ventar med å ta ut alderspensjon er for å kompensere for levealdersjusteringa, seier avdelingsdirektør Ole Christian Lien i Nav.

Han forklarer at alderspensjonen til den enkelte blir justert etter forventa levealder for årskullet ein tilhøyrer. Samtidig blir den månadlege utbetalinga høgare livet ut dersom ein ventar med å ta ut pensjonen.

Det er no 38,3 prosent av menn og 16,8 prosent av kvinner i aldersgruppa som tek ut alderspensjon. Til saman er det no 1.014.800 alderspensjonistar i Noreg. Talet er venta å passere 1,1 millionar i 2026.

Publisert: 10.11.2022 10:46

Sist oppdatert: 10.11.2022 10:48

Mer om