Kort fortalt

Mange verft har ikkje kontroll på utslepp

Sju av ti har ikkje kontroll.

10.11.2016
(NPK): Ein kontroll av verft som driv med vedlikehald og reparasjon av skip og båtar viser at meir enn sju av ti ikkje har kontroll på kva dei slepp ut av miljøfarlege stoff.
Fylkesmannen har gjennomført 21 tilsyn i Finnmark, Troms, Nordland, Nord Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland i samarbeid med Miljødirektoratet. Resultata viser ein viss nedgang i brot samanlikna med tilsvarande verft som vart kontrollerte i 2014, men det er framleis for mange brot på miljøregelverket, meiner Miljødirektoratet.
Verfta har betra kunnskapane om regelverket og betre handtering av støy, men verksemdene har framleis ikkje oversikt over kva dei slepper ut av miljøfarlege stoff, og dei har for dårleg avfallshandtering, meiner direktoratet.
Det vart avdekt at meir enn 70 prosent av verfta manglar kontroll på kva dei slepper ut av prioriterte stoff. Like mange hadde heller ikkje gjennomført tiltak for å redusere utslepp til miljøet.
Mange av verfta kunne ikkje anslå eller berekne kor stort utslepp dei faktisk har. 60 prosent av verfta har ikkje system for å samle opp avverka materiale. Meir enn halvparten av skipsverfta har også for dårleg lagring og handtering av avfall. (©NPK)

Publisert: 10.11.2016 12:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43