Kort fortalt

Mange vert svindla

Kortsvindel for 115 millionar i første halvår.

19.10.2016
(NPK-NTB): Det blei avslørt kortsvindel for det høgste beløpet nokosinne i dei seks første månadene i år. Auken er særleg stor ved netthandel.
Totalt har kortsvindlarane lurt til seg 115 millionar kroner. Svindel ved handel i nettbutikkar stod for heile 75 millionar, ei dobling frå same periode i fjor, viser tala frå Bits og Finans Norge.
Beløpet er langt høgare enn auka kortbruk og netthandel skulle tilseie, fastslår Finans Norge.
– Meir enn halvparten av svindelen har gått føre seg utan at dei kriminelle har fått tak i sjølve kortet. I mange av desse tilfella har kriminelle miljø stole kortinformasjon frå driftsmiljø i utlandet som oppbevarer store mengder kortinformasjon. Denne informasjonen har deretter blitt brukt av svindlarar til å handle på nettet, opplyser organisasjonen.
Svindelen ville likevel ha falle kraftig dersom fleire nettbutikkar hadde teke i bruk sikkerheitsløysingane til bankane med personlege passord og kode ved nettbetaling, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal.
Samtidig utgjer kortsvindel berre om lag 0,023 prosent av den samla verdien på kortbetalingar i Noreg.
Finans Norge er hovudorganisasjon for finansnæringa i Noreg og representerer om lag 240 finansbedrifter med rundt 50.000 tilsette. (©NPK)

Publisert: 19.10.2016 13:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43