Kort fortalt

Mange vil ha Skattefunn

Skattelette får fleire bedrifter til å satsa på forsking.

12.09.2016
(NPK): Sidan 2013 har det vore ei dobling i talet på søknader til den såkalla Skattefunnordninga, der bedrifter får skattefrådrag for utgifter til forsking og utvikling.
Berre det siste året har talet på søknader til ordninga auka med 31 prosent. Det er godt nytt for næringsministeren.
– Vi treng eit næringsliv som investerer i forsking og utvikling. Då er det gode nyheiter at søknadene til Skattefunn aukar så kraftig, seier næringsminister Monica Mæland.
Ho fortel at bruken av ordninga aukar i alle fylke, men at auken er aller størst på Sørvestlandet.
– Eg er særleg glad for at vi ser ein tydeleg auke her, seier statsråden.
Skattefunn er ei ordning under Forskingsrådet. Ordninga inneber at små og mellomstore bedrifter kan få 20 prosjektkostnadene i frådrag, medan store bedrifter kan få ei frådrag på 18 prosent. (©NPK)

Publisert: 12.09.2016 10:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44