Kort fortalt

Manglar offshoretilsette for framtida

NPK
01.03.2024

(NPK): Det er eit aukande behov for kompetanse og arbeidskraft offshore. Med dagens aktivitetsnivå fram mot 2028 må rundt 3000 offshoretilsette erstattast, som følgje av at tilsette går av med pensjon.

Fleire av dei offshoretilsette vil gå av med pensjon framover. Det vil vere ei gradvis stigning, frå cirka 550 personar i 2024 til cirka 650 personar i 2028. Det er spesielt personell med fagbrev det er behov for å rekruttere framover.

Dette kjem fram i ein ny Norce-rapport der forskarane har undersøkt utviklinga blant offshoretilsette i perioden 2018–2023.

Det meste av avgangen vil vere aldersavgang, men noko kan også vere personell som sluttar offshore for å arbeide vidare på land. Rekrutteringsbehovet offshore vil uansett vere det same.

– Ungdom er redde for å gå inn i denne næringa, men vi har behov for dei i lang tid framover, seier Atle Blomgren, seniorforskar i Norce og ein av forfattarane bak rapporten.

Aldersavgang har næringa måtta forhalde seg til over lengre tid.

– Det som kanskje kan vere utfordrande for næringa i dag, er korleis næringa blir oppfatta, og i kva grad arbeidstakarar har tru på eller har kunnskap om det meir langsiktige aktivitetsnivået, seier Øystein Fjelldal, seniorforskar i Norce, også ein av forfattarane bak rapporten.

Forskarane har berre sett på offshoreaktivitet knytt til leiting og utvinning av olje og gass. Aktivitet knytt til nye havnæringar som havvind, karbonlagring og offshore havbruk vil komme i tillegg. Bemanningsbehovet i nye havnæringar er avhengig av utbyggingsplanar framover.

(©NPK)

Publisert: 01.03.2024 14:04

Sist oppdatert: 01.03.2024 14:04

Mer om