Kort fortalt

Manglar utanlandske arbeidarar

Mange reiselivsbedrifter slit.

22.06.2021

Fire av ti reiselivsaktørar manglar nødvendig arbeidskraft frå utlandet, ifølgje NHO Reiseliv.

– Reiselivet står overfor eit stort paradoks: Etter halvtanna år med nedstenging har no fleire reiselivsbedrifter gode bookingtal for sommaren, men ikkje nok tilsette til å ta imot gjester. No må vi få ei rask løysing på dette problemet, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Halvparten av hotella og overnattingsbedriftene seier at dei manglar utanlandsk arbeidskraft. I tillegg manglar nær halvparten av campingplassane sine faste sesongarbeidarar.

– Dette er krise fordi mange reiselivsbedrifter risikerer å måtte redusere talet på gjester og dermed mistar svært velkommen omsetning. Vi forstår at styresmaktene vil ha god kontroll før ein opnar opp for generell innreise for folk utan vaksine og frå raude land, men næringa fortvilar over at det ikkje blir opna meir for arbeidsinnvandring, seier Devold.

Manglande arbeidskraft frå utlandet slit òg seks av ti utelivsaktørar med.

Av fylka er det særleg bedriftene i Vestland (54 prosent) og Nordland (50 prosent) som har utfordringar med at dei ikkje får inn dei faste sesongarbeidarane sine frå utlandet.

(©NPK)

Publisert: 22.06.2021 19:32

Sist oppdatert: 22.06.2021 19:33

Mer om