Kort fortalt

Mannskap på passasjerskip slepp karantene

Nye reglar for innreise.

28.06.2021

(NPK-NTB): Regjeringa har vedteke at mannskap på passasjerskip i fast rute til eit raudt land skal fritakast frå karanteneplikt.

Føresetnaden er at mannskapet startar arbeidet i Noreg og ikkje forlèt skipet i det raude landet, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.

Mannskapet må ta koronatest ved framkomst til Noreg, og på dag tre og sju etter framkomst.

– I utgangspunktet har alle som kjem frå raude land innreisekarantene når dei kjem til Noreg. Regjeringa meiner at dette fell svært uheldig ut for mannskap på passasjerferjer i fast rute fordi det medfører at dei vil vere i ein tilnærma permanent karantene. Derfor innfører vi langt på veg like karantenereglar for denne gruppa med det som gjeld for fly- og godstogpersonell, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Publisert: 28.06.2021 08:56

Sist oppdatert: 28.06.2021 09:05

Mer om