Mare Safety DC12 WM Foto Mare Safety
SATSER MOT HAVVIND: Båt- og byssebyggjarane i Ulsteinvik satsar på å bli foretrekt leverandør til skip i havvindindustrien. Foto Mare Safety
Kort fortalt

Mare Safety leverer ny båt

Båt nummer to til havvindreiarlag.

Marius Rosbach
15.11.2023

Mare Safety i Ulsteinvik leverer ein ny arbeidsbåt til reiarlaget Rem Wind.

Det kjem fram i ei melding frå Ulsteinvik-selskapet.

Arbeidsbåten av typen DC12WM, er den andre av same type båt som er overlevert til det Herøy-baserte reiarlaget.

Den skal installerast om bord på eit av havvindskipa Vard har under bygging ved sitt verft i Vietnam.

– Mare DC12WM er ein spesialbåt tilpassa transport av mannskap og utstyr mellom CSOV og vindmøllturbinar. Båten blir mellom anna levert med eit komplekst eksosreinsesystem, som gjer at den oppfyller dei strenge utsleppskrava EU no har pålagt skipsindustrien, uttaler salssjef Torstein Teigene i Mare Safety i meldinga.

Det er J. Weiberg Gulliksen i Ålesund som har utvikla reinsesystemet.

Mare Safety har stor aktivitet og full produksjon ved lokala sine på Osnes. I 2022 omsette selskapet for meir enn 80 millionar kroner – første gong sidan 2015.

Fjoråret blei også tredje år på rad med overskott, viser rekneskapen.

Publisert: 15.11.2023 16:37

Sist oppdatert: 15.11.2023 16:37

Mer om