Mare safety innfelt are garshol brannbåt foto Nanseth Media 11
LEVERT TIL RØDE KORS: Den 14,7 meter lange båten til Røde Kors i Hordaland har ei toppfart på 40 knop. Mare Safety-sjef Are Garshol (innfelt) ser utfordringar, men misser ikkje nattesønmen av den grunn. Foto: Nanseth Media
Nytt

Held marsjfarta oppe trass utfordringar

Raske redningsbåtar er ny marknad for Mare Safety. Siste levering måtte rett ut i arbeid.

Marius Rosbach
04.07.2022

Båt- og byssebyggarane i Mare Safety hadde god marsjfart i fjor og auka inntektene frå året før med 18 prosent.

Ei omsetning på 78 millionar nærmar seg nivået frå rekordåra under offshoreboomen. Det er Mare Safety-sjef Are Garshol godt nøgd med.

– Vi opplevde generell auke i aktiviteten og fekk samtidig ei lita oppvakning i offshore, fortel han til NETT NO.

Røde Kors-båt rett i arbeid
Offshore var tidlegare den største marknaden, men dei siste åra har dei omstilt seg og kapra oppdrag i nye segment. Hurtiggåande søk- og redningsbåtar er ein av dei nye marknadene til det Ulsteinvik-baserte selskapet.

Før helga leverte dei sin nyaste båt – ein spesialutstyrt søk- og redningsbåt til Røde Kors i Hordaland.

(saka held fram under)

Mare safety bjørgvin brannbåt innvending foto røde kors hordaland 11
GODT UTSTYRT: Om bord i den nye båten kalla «Bjørgvin» er det betydeleg med spesialutstyr for søk og redningsaksjonar. Foto: Røde Kors Hordaland

– Båten er finansiert gjennom kronerulling og sponsorar. Den gleda dei viste då dei tok den i mot, var heilt fantastisk. Slike kundar er kjekt å ha, legg Garshol til.

Berre ein halvtime etter båten var levert på Røde Kors sitt anlegg i Laksevåg, måtte båten ut på sitt første oppdrag. Også i fjor leverte Mare Safety ein litt større brannbåt til Kristiansand.

Prisauke og lengre leveringstid

Mare Safety-sjefen fortel at storleiken på ordreboka er bra, og at dei har godt med oppdrag utover hausten. Men auka prisar og lengre leveringstider skapar allereie utfordringar.

– Vi merka voldsom prisoppgang i råvaremarknaden allereie i fjor, og det har heldt fram. Samtidig risikerer vi forseinkingar fordi ting som tidlegare var hyllevare, no har fleire månader lang leveringstid, fortel Garshol.

Så langt har dei kome «relativt greitt» ut av situasjonen. Men han ser ikkje vekk frå at dei må skyve på oppdrag utover hausten.

Usikkerheit pregar beslutningane
I tillegg til prisauke, vart fjorårsresultatet tynga av utviklingskostnader på pilotprosjektet med den nye brannbåten til Kristiansand.

Dermed enda året med eit resultat før skatt på under millionen (sjå tabell under).

Garshol skulle gjerne sett at lønnsemda var betre, men legg ikkje skjul på at det er ei utfordrande tid.

– Vi klarer å halde nivået i år nokonlunde. Men usikkerheita gjer at beslutningane hos kundane tek lengre tid. Samtidig er det fleire som vil ha levering så raskt som råd, når avgjerda først er teke. Det er ein spagat som er vanskeleg å stå i, forklarar han.

Mare Safety

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
78,2
66
Driftsresultat

1,2

2,6
Resultat før skatt
0,9
2

Publisert: 04.07.2022 13:41

Sist oppdatert: 04.07.2022 13:51

Mer om