Kort fortalt

Maritim språkjakt i ny ordbok

Men vil ha meir frå oppdrett.

18.11.2019
NPK-NTB: Leitar du etter det rette namnet på ein fisk eller kanskje ein spesiell type tankskip, kan du finne svaret i den nye termbasen Maritim ordbok.
omfattar mellom anna fagområda marin biologi, fiske, oppdrett og skipsfart. Innanfor skipsfart er det mange underkategoriar med mykje fagterminologi, til dømes om navigasjon.
– Eitt av områda vi dessverre har for lite terminologi frå, er oppdrettsnæringa. Vi tar gjerne imot innspel, både om dette og andre hol folk oppdagar, seier professor Gisle Andersen ved Noregs handelshøgskole i Bergen.
NHH er ein av mange aktørar som står bak Maritim ordbok, som er ein del av den store norske med mange søkbare termbasar.
Terminologien er utvikla av forskarar, fagspråkekspertar og omsetjarar. Målet er at både fagfolk, næringslivsfolk, omsetjarar, studentar og lærarar skal søkje i basen.

Publisert: 18.11.2019 10:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31