Kort fortalt

Nye demonstrasjonar på Haramsøya

Første rotorblada kjem i dag.

16.04.2021

Foreininga Nei til vindkraftverk på Haramsøya skal ha ei markering på Haramsøya i dag, vert det opplyst i ei pressemelding.

Bakgrunnen er at båten "Enough Talk" kjem med første leveranse til vindturbinane fredag morgon, sjølv om saka framleis er under klagebehandling.

- Vi ønsker å markere fortsatt motstand og motvilje, med å samle folk ved kaia på Håneset. Det blir apellar og vardebrenning, vert det opplyst.

Avisa Nordre skriv at "Enough Talk" kom fram klokka 07.00 fredag, og at fleire demonstrantar har møtt opp.

Publisert: 16.04.2021 07:16

Sist oppdatert: 16.04.2021 08:02

Mer om