Plattform Troll foto equinor 11
OPPGANG: Prisen på eit fat nordsjøolje har stige nær seks prosent siste fem dagar og nær 80 prosent så langt i år. Foto: Equinor
Kort fortalt

Markert oppgang på Oslo Børs

Nytt hopp i oljeprisen.

Marius Rosbach
07.04.2026

Hovudindeksen på Oslo Børs spratt opp frå start då handelen opna etter påskedagane tysdag morgon. Etter ein times handel var hovudindeksen opp kring 1,3 prosent. 

Samtidig har oljeprisen stige på nytt, samanlikna med før høgtida. Etter å ha vore nede i under 100 dollar fatet før påske, ligg Brent-olje rett i underkant av 110 dollar fatet ved 10-tida tysdag. 

Equinor var mellom dei mest omsette aksjane og starta dagen med ein oppgang på kring 1,8 prosent. Frontline var opp 5,4 prosent medan Vår Energi var opp 2,3 prosent. 

Hofseth Biocare starta best opp av aksjane frå Nordvestlandet, med ein oppgang på 6,4 prosent til 1,5 kroner ved 10-tida.

Havila Shipping hadde det største fallet, 8,70 prosent til 1,26 kroner, av selskapa frå regionen.

Nett No følgjer utviklinga på børsen 

Publisert: 07.04.2026 10:07

Sist oppdatert: 07.04.2026 10:07

Mer om