Kort fortalt

Mastergrad aukar jobb-sjansar

Mastergrad løner seg i arbeidsmarknaden.

14.09.2016
(NPK): Studentar som fullfører ei mastergrad får lettare arbeid og er meir nøgde med jobben sin, viser ei ny undersøking.Undersøkinga «Fra studier til jobb i Bergensregionen» syner at det lønner seg å ta mastergrad, særskilt i tøffare økonomiske tider, skriv .
Den nye studien er gjennomført av SiB Karriere og studentmeistring i samarbeid med UiB, Noregs handelshøgskole og Høgskolen i Bergen.
Av kandidatane som har delteke i undersøkinga svarar halvparten med bachelorgrad at dei har fått studierelevant jobb. Blant dei med mastergrad eller profesjonsutdanning var resultatet 83 og 100 prosent.
– Dette syner at høg utdanning er ei god investering, ikkje minst i ein trongare arbeidsmarknad. Arbeidslivet spør etter kandidatar som kan tenkje sjølvstendig og tileigne seg ny kunnskap. Dette kan våre masterkandidatar, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitet i Bergen. (©NPK)

Publisert: 14.09.2016 11:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44