Kort fortalt

Maten vert endå dyrare

Ventar nytt prishopp i februar.

03.01.2023

Frå 1. februar vil daglegvarebransjen auke prisane ytterlegare. Bransjen forventar auka prisstigning i overskodeleg framtid.

Før jul melde NRK at prisane kjem til å gå opp med 10 prosent, og det stadfestar fleire aktørar overfor Klassekampen. Ingenting tyder på nokon endring med det første.

– Veldig mykje tyder på at prisane vil vere høge i ganske lang tid framover, seier konserndirektør for kommunikasjon i Norgesgruppen, Stein Rømmerud, til avisa. Norgesgruppen er den største daglegvareaktøren i landet.

Av konkurransemessige årsaker har ikkje kjedene lov å seie om, når eller kor mykje dei vil setje opp prisane, heller ikkje Rømmerud, men han seier at det er lite som tyder på at kostnadene ved matproduksjon vil minke framover.

Ein rapport frå Sifo som kom i haust viser at éin av tolv husstandar oppgir å måtte stå over måltid, få hjelp frå Nav, eller få delt ut mat frå matstasjonar for å ha mat på bordet. Det er ei dobling på eit år. Samtidig viser tal frå Statistisk sentralbyrå at matvareprisane frå november 2021 til november 2022 auka med heile 12,7 prosent.

Daglegvarebransjen har to faste datoar der dei justerer prisane for å dekkje auka utgifter til leverandørane. Den eine er 1. februar og den andre 1. juli.

Viss utgiftene til leverandørane held fram med å auke, kan folk altså rekne med eit nytt prishopp til sommaren, skriv avisa.

Publisert: 03.01.2023 08:35

Sist oppdatert: 03.01.2023 08:36

Mer om