Matvareprisane steig 8,6 prosent dei siste tolv månadene. Sjokoladeprisen fekk eit kraftig prisbyks og er opp over 30 prosent frå i fjor.
Igjen er det sjokoladeprisane som aukar mest i pris og var i mars heile 32,1 prosent dyrare enn i fjor. Det er den høgaste prisveksten nokosinne registrert for sjokolade, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
I februar hadde sjokoladeprisane auka med 24,2 prosent på eitt år, som då var den sterkaste tolvmånadersveksten i sjokoladeprisar målt nokosinne.
Mars er andre månaden på rad med stor auke i tolvmånadersveksten for matvarer – 1 prosentpoeng opp frå februar.
– Frå februar til mars fall prisane på mat og drikke, men dei fall mindre enn dei gjorde i tilsvarande periode i fjor. Det kan ha samanheng med at påska var tidlegare i fjor enn ho er i år, som gir seinare påskekampanjar og færre tilbod i mars i år, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå.
Han forklarer at fordi matprisane fell mindre i mars samanlikna med tilsvarande periode i fjor, aukar tolvmånadersveksten frå februar til mars.
Medan prisen på påskevarer som lammekjøtt og ferdigmiddagar falle, har prisen på mellom anna kaffi og poteter stige.
Publisert: 10.04.2025 10:50
Sist oppdatert: 10.04.2025 10:51