MDGs stortingskandidat i Oslo Lan Marie Berg meiner det no er på tide å avvikle alle studietilbod retta mot olje og gass.
Ho viser til at studentar som startar ei masterutdanning i dag, er ferdige i 2026 og vil vere yrkesaktive langt inn i 2070-talet.
– Kvifor bruker vi tid og pengar på utdanning spissa mot olje og gass samtidig som FN set dødsstøyten for framtida til bransjen? Det er uansvarleg overfor studentane – vi utdannar folk til arbeidsløyse, seier den tidlegare Oslo-byråden i ein e-post til NTB.
Ho meiner ei ny regjering må gi klar beskjed til universitet og høgskular om å avvikle alle studietilbod retta mot olje og gass.
– I staden må ressursane setjast inn på å styrkje studietilbod knytt til grøn omstilling av Noreg, innanfor fornybar energi, teknologifag, biologi og samfunnsfag for å nemne noko, seier Berg.
Publisert: 17.08.2021 18:51
Sist oppdatert: 17.08.2021 18:52