Medisinutdanning i Ålesund
Til hausten kan medisinstudentar i Trondheim ta to år av utdanninga si i Ålesund.
Målet er mellom anna å bidra til auka lokal rekruttering.
Det skriv NRK Møre og Romsdal.
Helse Møre og Romsdal, NTNU og Ålesund kommune vil frå hausten av vere klare til å starte ei desentralisert legeutdanning i Ålesund. Inntil 20 studentar som har fullført dei to første åra sine av medisinstudiet i Trondheim, kan få moglegheit til å ta dei to neste i Ålesund.
Føremålet med denne ordninga er å både auke rekruttering til helseregionen, men òg gi auka kapasitet på legeutdanningane i landet, seier fagdirektør Erik Solligård i Helse Møre og Romsdal.
Publisert: 19.05.2023 10:08
Sist oppdatert: 20.05.2023 05:39