Meiner ein gjer raskare karriere på bygda
Undersøking frå Vestlandsforsking.
(NPK): Ei undersøking finn at nesten 50 prosent av arbeidstakarar i Sogn og Fjordane meiner at å jobba innanfor grensene til gamlefylket har bidrege positivt til karriereutviklinga deira.
– Hovudfunnet var at arbeidstakarar sjølv meiner at det går raskare med karriereutvikling i distriktet enn om dei hadde vore i ein by, seier seniorforskar Kristin Løseth i Vestlandsforsking, skriv NRK.
Over 600 arbeidstakarar i Sogn og Fjordane deltok i undersøkinga. 47 prosent av dei meinte at å jobba i regionen hadde bidrege til noko positivt eller positivt i forhold til kor raskt karrieren deira hadde utvikla seg. 35 prosent svarte nøytralt.
– Sjølv om karrieren går fortare i byrjinga, vil det dermed vera mindre moglegheit for å «stiga i gradene» gjennom byte av jobb, slik ein gjerne gjer i storbyane, seier Løseth.
– Breiare ansvarsoppgåver og nærleik til leiinga kan verka positivt på at karrierevegen går raskare i distriktet, held ho fram.
Direktør Marit Mellingen ved Distriktssenteret seier at fordelane ved å jobba i distrikta er at arbeidsgjevarar er på jakt etter kompetanse og har eit ønske om å ta vare på dei tilsette. Samtidig understrekar ho at det kan vera vanskeleg å byta jobb fordi arbeidsmarknaden er mindre enn på større plassar.
(©NPK)
Publisert: 31.10.2023 12:29
Sist oppdatert: 31.10.2023 12:29