Tryg Forsikring oppmodar til å ta noregsferie denne sommaren etter at Utanriksdepartementet fredag forlengde reiseråda til 15. mai.
– Med Utanriksdepartementets nye reiseråd, er det svært uvisst om sommarferie til utlandet i det heile vil vere mogleg, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring.
Han seier reiseforsikringa ikkje dekkjer avbestilling av reiser som er bestilt når landet du reiser til er raudt, sjølv om landet blir grønt på avreisetidspunktet.
– Forsikringa vil heller ikkje dekkje skadar eller sjukdom som hender dersom landet er raudt på avreisedato.
Irgens seier òg at reiseforsikringa heller ikkje dekkjer konkurs hos selskapet du har kjøpt ei reise hos – og at ein risikerer å bruke feriepengane på ei dyr reise ein ikkje får brukt eller refundert.
– Vi tilrår at nordmenn ferierer innanlands i år. Støtt norsk reiselivsnæring og bruk feriepengane på ein noregsferie, seier Irgens.
Publisert: 26.03.2021 16:50
Sist oppdatert: 26.03.2021 16:51