Kort fortalt

Meiner materialbruk kan halvere utslepp frå vegbygging

Nye utrekningar frå miljøstiftinga Zero.

14.04.2021

(NPK-NTB): Bruk av meir miljøvennlege materiale ved bygging av vegar, kan halvere klimagassutsleppa, ifølgje miljøstiftinga Zero, som meiner Stortinget må på banen.

Asplan Viak har i samarbeid med Veidekke utført utrekningar på vegner av Zero. Utrekningane viser at utsleppa frå vegbygging kan reduserast kraftig ved mellom anna å bruke biodiesel på anleggsmaskinene, skriv NRK.

– Skal vi klare å løyse klimautfordringane, må alle dei som byggjer ut med veldig klimaintensive materiale få ned utsleppa. Då må dei òg målast på det, seier fagansvarleg Guro Hauge i Zero, som meiner Stortinget må krevje lågare utslepp.

Det vil bli nødvendig å stille strengare krav til utslepp frå bygging av veg og bane, trur leiar Helge Orten (H) i transport- og kommunikasjonskomiteen.

– Det går an å stille både utsleppskrav og krav til dokumentasjon av samla avtrykk når det gjeld utslepp. Både til materiale og maskiner som blir brukte på anleggsplassen, seier han.

(©NPK)

Publisert: 14.04.2021 09:12

Sist oppdatert: 14.04.2021 09:14

Mer om