(NPK-NTB): Widerøe går hardt ut mot MDG. Flyselskapet meiner auka skattlegging av flyreiser truar eksistensen i kortbanenettet og forseinkar det grøne skiftet i lufta.
– MDG framstiller flyreiser som eit luksusgode og at det i dag er for billeg å fly. Dette er langt frå verkelegheita i store delar av Distrikts-Noreg. Her er fly den einaste måten å komme seg til arbeid, til sjukehuset og for å kunne nytte seg av heilt nødvendige, offentlege tenestetilbod, skriv flyselskapet i ei pressemelding.
Selskapet viser til at det i dag i gjennomsnitt kostar 1.300 kroner for ein flybillett på kortbanenettet. Widerøe meiner prisen vil auke med ytterlegare 30 prosent med MDGs alternative budsjett.
Flyselskapet gir MDG honnør for å foreslå insentiv for å gjere det lønnsamt å operere elfly, men meiner likevel at heilskapen i det alternative budsjettet til partiet verkar i motsetning retning.
– Føresetnad for ein elektrifisering av det norske kortbanenettet er at det framleis finst trafikkgrunnlag. Forslaget vil strupe alle kommersielle kortbaneruter i heile landet. Heilt nødvendig kollektivtrafikk i Distrikts-Noreg, som desse flyrutene er, vil forsvinne, meiner selskapet.
Nasjonal talsperson Arild Hermstad i MDG meiner Widerøe bommar med kritikken.
– Den største trusselen mot det grøne skiftet er at det kostar for lite å forureine. Derfor treng vi ein felles klimadugnad der alle utslepp blir dyrare, seier han til
Fordi fly er ein viktig del av kollektivtransporten i delar av landet, vil partiet skjerme kortbanenettet for dei største aukane, legg han til.
(©NPK)

Publisert: 21.11.2019 08:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31