Kort fortalt

Meiner regjeringa bløffar om fattige

Økonomar trur ikkje renta og prisane vert påverka.

08.12.2022
(NPK-NTB): Fleire økonomar NRK har snakka med, meiner regjeringa kunne gitt mykje meir til folk med dårleg råd utan at renta og prisane hadde auka.

Bodskapen til regjeringa om at renta vil auke viss dei fattige får meir hjelp, meiner fleire økonomar er ein bløff, skriv NRK.

Postdoktor i økonomi Martin Blomhoff Holm ved Universitetet i Oslo meiner regjeringa ikkje har prioritert å gi meir pengar til fattige. Han påpeikar at ein må bruke veldig mykje pengar for at det skal ha merkbar effekt.

– Rundt rekna så vil cirka 30 milliardar i ekstra offentleg forbruk føre til mindre enn 0,1 prosentpoeng auke i prisane på kort sikt, seier Holm.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum held i Politisk kvarter fast på at høge prisar er hovudproblemet.

– Det skaper fattigdom, problem for små bedrifter og dårlegare råd for dei fleste. Vi må få prisane ned, og vi må gjere det vi kan får å få kontroll på økonomien vår, seier Vedum.

(©NPK)

Publisert: 08.12.2022 12:44

Sist oppdatert: 08.12.2022 12:46

Mer om