Bluewild Ulstein Design Solutions
ÅLESUND: Frysetrålaren vert 73,2 meter lang og får plass til eit mannskap på 30. Skisse: Ulstein Design & Solutions
Kort fortalt

Meir arbeid for Ellingsøy-selskap

Skal levere sjøvasskjølarar til ny trålar.

23.03.2022

Westcon Ølen bestiller sjøvasskjølarar frå Ålesund-selskapet Hydroniq Coolers til trålaren som skipsverftet byggjer for det Ålesund-baserte sjømatselskapet Bluewild.

Fiskebåten blir den første som vert bygt med Ulstein Design & Solutions sin karakteristiske X-Bow-design, blir det opplyst i ei pressemelding.

Hydroniq Coolers skal levere tre av selskapets «Pleat» sjøvassskjølarar til fartøyet. To av kjølarane skal brukast til sentralkjøling av trålarens hovedmaskinrom, medan den siste skal bidra til kjøling av andre støttesystem.

Den patenterte Pleat-kjølaren er ein modulbasert kjølar i titan, med eit designtrykk på 6 bar.

Trålaren som Westcon Ølen skal bygge blir 73,2 meter lang og har eit lasterom på 2 000 kubikkmeter. Fartøyet har plass til eit mannskap på 30.

Fiskebåten er bygd som frysetrålar med fabrikk med levandemottak og ombordprossesering av filet og kokte reker. Den vil utstyrast med eit diesel-elektrisk hybrid kraft- og framdriftssystem og ein stor batteripakke.

Publisert: 23.03.2022 08:34

Sist oppdatert: 23.03.2022 08:41

Mer om