Kort fortalt

Meir fart i industrien

Eksporten drog opp kvartalstal.

09.08.2021

(NPK-NTB): Industriomsetninga steig med 2,2 prosent frå første til andre kvartal. Veksten kom frå eksportmarknaden, der omsetninga auka med heile 7,8 prosent.

På heimemarknaden var det ein liten nedgang på 0,5 prosent i same periode, viser sesongjusterte tal frå Statistisk sentralbyrå.

Det var kjemiske råvarer som trekte industriomsetninga mest opp, med ein oppgang på 9,8 prosent. Metallvareindustrien bidrog på si side med ein vekst på 7,4 prosent.

Dårlegare gjekk det med bygging av skip og oljeplattformer, og dessutan innan oljeraffinering og kjemisk og farmasøytisk industri, som bremsa mest på oppgangen i industriomsetninga, ifølgje SSB.

(©NPK)

Publisert: 09.08.2021 08:48

Sist oppdatert: 09.08.2021 08:53

Mer om