Lastebilsjåførar skal få reise heim minst éin gong i månaden, og det skal bli fleire krav for lastebil- og varebilfirma med nye reglar frå EU.
Dei nye reglane er ein del av EUs mobilitetspakke, skriv Samferdselsdepartementet.
Målet er å unngå sosial dumping i sektoren. For varebilar blir det krav om løyve for dei som køyrer internasjonalt, og slike varebilar kjem under dei europeiske kabotasjereglane.
Transportselskapa skal no sørgje for at sjåførane får reist heim minst éi veke i ein firevekersperiode. Dei får ikkje lenger gjennomføre kvileveka i køyretøyet sitt og kan ikkje lenger få lønn basert på kor raskt dei leverer varene.
Sjølve køyretøyet må no vende tilbake til etableringslandet ein gong kvar åttande veke, og etter dei tillatne tre oppdraga på sju dagar, må det no vere ein «fryseperiode» på fire dagar.
Frå 2026 vil det også innførast nye kviletidsreglar og krevjast fartsskrivar når varebilar på 2,5-3,5 tonn køyrer internasjonal transport.
– Vi gjer no endringar i køyre- og kviletidsforskrifta, yrkestransportsportforskrifta og forskrift om gjennomføring av fellesreglar om innanlands transport i EØS-avtalen. Gjennomføringa av mobilitetspakken vil vere ein viktig del av den kommande handlingsplanen til regjeringa mot sosial dumping i transportsektoren, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
Publisert: 14.10.2022 11:21
Sist oppdatert: 14.10.2022 11:22