Kort fortalt

Meir omsetning frå mindre lokalmat

Fallande trend med auka prisar.

06.11.2023

(NPK-NTB): Volumet i sal av lokalmat fell. Likevel aukar omsetninga i bransjen.

– Forbrukarar prioriterer lokal mat og drikke, sjølv om dei kjøper litt mindre av det, seier direktør Nina Sundquist i Stiftinga Norsk Mat til Nationen.

I Noreg har det vorte omsett lokal mat og drikke for 11,8 milliardar kroner i 2023. Det er ein auke på 15,8 prosent frå året før, kjem det fram i ein årleg rapport frå Stiftinga Norsk Mat.

Trass i auka omsetning, fell volumet av sal av lokalmat i butikk med 4,1 prosent frå i fjor. Det følgjer ein fallande trend i salet av lokalmat frå 2021, som heng saman med auka prisar.

Sjølv om det ikkje er positivt for bransjen at volumet fell, meiner Sundquist at det er positive teikn i rapporten.

– Ut frå tala må vi konkludere med at norske forbrukarar framleis prioriterer lokal mat og drikke, sjølv om dei kjøper litt mindre av det, seier ho.

Det er framleis kjøtt som tronar øvst blant dei lokale varene, men Sundquist vil også trekkje fram Oste-VM som noko som kan auke sal av norske ostar.

– No er det flautt å invitere til kos med utanlandske ostar. No må det vere norsk, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 06.11.2023 20:27

Sist oppdatert: 06.11.2023 20:33

Mer om