Kort fortalt

Meir populær juleost frå Ørsta

Auke i Edamer-salet.

Marius Rosbach
25.11.2021

Dei tre siste åra har salet av juleosten Edamer hatt ei auka på kring 30 prosent, opplyser Tine i ei pressemelding.

Tine-meieriet i Ørsta lagar Edamer til heile landet. I 2018 blei det selt kring 472 tonn av den tradisjonsrike ostetypen, og i fjor blei det selt 601 tonn.

Det meste av salet skjer i november og desember før jul, og Tine opplyser at det ligg an til ny auke i år.

Publisert: 25.11.2021 12:06

Sist oppdatert: 25.11.2021 12:07

Mer om