Kort fortalt

Meir til tilrettelagt arbeid

Regjeringa vil styrkje tilrettelagt arbeidstilbod.

08.11.2021

Regjeringa foreslår å styrkje tilbodet for tilrettelagde arbeidsplassar med 38,5 millionar kroner i budsjettet for 2022.

Det opplyser arbeids- og sosialminister Hadia Tajik (Ap) til Dagsavisen.

Arbeidstilbodet, som blir kalla varig tilrettelagt arbeid (VTA), er eit tiltak for personar som treng spesiell tilrettelegging og oppfølging for å vere i arbeid.

Tilbodet er spesielt retta mot dei som anten får, eller i nær framtid blir venta å få, uføretrygd.

– Vi legg fram eit forslag om å auke VTA-plassane med 250 nye plassar. Vi veit at det er enormt behov, og det er viktig at folk som har lyst til å vere i arbeid, får moglegheita til det, seier Tajik.

– I Hurdalsplattforma er vi veldig tydelege på at vi ønskjer å auke dette tilbodet, seier ho.

Også den førre regjeringa ønskte å styrkje dette tilbodet, og arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) varsla ein auke på mellom 1.200 og 1.500 plassar i løpet av den kommande regjeringsperioden dersom han vart attvald.

Tajik kan ikkje svare på kor mange fleire VTA-plassar det kan bli i åra framover no, men seier at det må takast i kvart enkelt budsjett.

Publisert: 08.11.2021 08:00

Sist oppdatert: 08.11.2021 08:02