Kort fortalt

Meir vasskraftutbygging

Meir vasskraftutbygging i fjor enn på 30 år.

02.02.2022

Nye tal viser at vasskraft tilsvarande forbruket til 70.000 bustad vart sett i drift i Noreg i fjor, noko som er det høgaste nivået på 30 år.

1,4 TWh med ny vasskraftproduksjon vart sett i drift i Noreg i 2021, melder NRK. Så høgt har ikkje nivået vore sidan 1990, viser tal frå NVE.

– Etterspurnaden etter straum aukar i takt med elektrifiseringa av samfunnet. Derfor er dette svært gledeleg, seier Eivind Heløe, direktør for fornybar og miljø i Energi Norge til kanalen.

I alt vart det sett i drift 53 nye småkraftverk i fjor. Desse står for halvparten av den totale auken.

Også olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) ser positivt på utviklinga.

– Dette er gledelege tal, seier ho.

Publisert: 02.02.2022 08:23

Sist oppdatert: 02.02.2022 08:24