rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Meisterbygg-selskap er konkurs

Gjeld på 9,5 millionar etter oppbod i Ørsta-selskap.

10.05.2024

Selskapet som inntil nyleg heitte Meisterbygg Møre, har meldt oppbod med kring 9,5 millionar kroner i gjeld, ifølgje Sunnmørsposten.

Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i selskapet MM O Bygg As på fredag. Verdiane i buet skal vere på kring 2,85 millionar, ifølgje rettspapira.

Dagleg leiar Arild Aarseth seier til Møre-Nytt at høg og uventa prisvekst på byggevarer frå våren 2021, til i dag, har vore mellom årsakene til konkursen. Dei har også ei uløyst momssak gåande med Skatteetaten, som gjer at dei ikkje ser noko anna moglegheit enn å melde oppbod, seier han til lokalavisa.

Bustyrar er Espen Rekkedal og første skiftesamling er planlagt 19. juni.

Publisert: 10.05.2024 17:34

Sist oppdatert: 10.05.2024 17:34

Mer om