Kort fortalt

Meklar tapte sak om millionerstatning

Dømt 16 år etter bustadsal.

21.12.2022

Ein huskjøpar har i to omgangar vunne fram i Frostating lagmannsrett mot Møre Eigedomsmekling og forsikringsselskapet Tryg, ifølgje Sunnmørsposten.

Trass i at det er gått 16 år sidan leilegheita blei selt, har lagmannsretten kome til at saka ikkje er forelda og at huskjøparen har krav på to milllionar kroner i erstatning.

Meklaren og forsikringsselskapet er også dømt til å betale til saman 650.000 kroner i sakskostnader til kjøparen.

Frostating meiner eigedomsmeklaren var aktlaus og braut god meklarskikk i samband med leilegheita blei seld utan å vere godkjend som bustad.

Publisert: 21.12.2022 18:22

Sist oppdatert: 21.12.2022 18:39

Mer om