Kort fortalt

Melde oppbod etter 30 år i bransjen

Sykkylven-firma konkurs med betydeleg gjeld.

Marius Rosbach
08.08.2023

Møre og Romsdal tingrett opna måndag konkurs i selskapet Maskinservice Sykkylven etter at leiinga melde oppbod.

Ifølgje rettspapira har firmaet ei gjeld på kring 3,3 millionar og verdiane er anslått til mellom 800 og 900.000 kroner.

Firmaet som blei starta i 1983 hadde tre tilsette då verksemda blei innstilt før konkursen.

Dei siste åra har omsetninga vore på mellom 4,2 og 6,9 millionar kroner, og to av de tre siste år har gått med underskot.

Bustyrar i saka er Camilla Maria Solbakken og første skiftesamling er 25. september.

Publisert: 08.08.2023 11:59

Sist oppdatert: 08.08.2023 11:59

Mer om