rettssal illustrasjon foto marius 11
KONKURS: Bygg- og anleggsbransjen har toppa konkursstatistikken dei siste åra med mange konkursopningar.
Nytt

Nok eit byggefirma velta

Eigenkapitalen tapt for fleire år sidan. Flest konkursar i bygg- og anlegg.

Marius Rosbach
04.08.2023

Langevågfirmaet A + Bygg As er slått konkurs i Møre og Romsdal tingrett etter at selskapet melde oppbod.

Byggefirmaet hadde tre tilsette og verksemda er stoppa. Samla gjeld i selskapet er opplyst å vere litt over 700.000 kroner. Verdiane er anslått til knappe 600.000 kroner, ifølgje rettspapira.

Eigenkapitalen tapt for fleire år sidan
Sula-selskapet blei starta i 2017 og hadde nær 2,8 millionar kroner i omsetning i 2021 – som er siste offentlege rekneskap.

Drifta har gått om lag i balanse, men eigenkapitalen var tapt for fleire år sidan. Ifølgje dei siste årsmeldingane meinte styret at det likevel var grunnlag for vidare drift.

Bustyrar er Bjørn-Ivar Borgund og første skiftesamling er 18. september.

Flest konkursar i bygg- og anlegg
Det har vore ei kraftig konkursauke i Møre og Romsdal i år, samanlikna med fjoråret. Så langt i år er det opna konkurs i 119 selskap i fylket.

Bygg- og anleggsbransjen utmerkar seg med flest konkursopningar – 30 i talet.

Bransjen har toppa statistikken dei siste åra med mange konkursopningar. Mange selskap i bransjen har hatt små marginar, og med auka kostnader, har situasjonen blitt vanskeleg for fleire.

Varehandelen er verre råka enn før, og det har vore 20 konkursopningar i bransjen så langt i fylket. I overnatting og serveringsbransjen har det vore 12 konkursar.

Publisert: 04.08.2023 11:14

Sist oppdatert: 04.08.2023 11:14

Mer om