Kort fortalt

Melder seksuell trakassering

Fiskeridirektoratet melder seksuell trakassering av fiskeriinspektørar .

09.05.2022

To kvinnelege inspektørar var på inspeksjon ved eit mottaksanlegg i Troms og Finnmark i midten av mars. Ved lossing av fangst frå eit fiskefartøy kom ein av dei tilsette ved mottaket mellom anna med klare ytringar om at inspektørane burde gå om bord og ha sex med mannskapet for å auke fiskelykka.

Ein tilsett ved fiskemottaket blir no meld for seksuell trakassering og for å hindre moglegheita til å utføre oppdraget inspektørane hadde i bedrifta.

– I dette tilfellet handlar det om to kvinnelege inspektørar som utfører eit viktig samfunnsoppdrag og som blir møtt med utilbørleg åtferd. Slik kan vi ikkje ha det i fiskerinæringa, seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen i ei pressemelding.

Ifølgje Bakke-Jensen har både kvinnelege og mannlege inspektørar i Fiskeridirektoratet opptil fleire gonger vore utsette for krenkjande åtferd, trakassering og utilbørleg åtferd når dei utfører oppdraga sine.

– Fiskeridirektoratet har nulltoleranse for seksuell krenkjande åtferd, truslar, trakassering eller anna rettsstridig åtferd mot våre tilsette, seier Bakke Jensen.

– Slik åtferd overfor offentlege tenestepersonar er heilt uakseptabelt. Inspektørane våre er på jobb på vegner av norske styresmakter og skal møtast med respekt og alminneleg folkeskikk. Denne typen åtferd er ubehageleg for den som blir utsett for det, og kan gå ut over jobben dei skal utføre. Derfor melder vi no dette konkrete tilfellet, seier regionsdirektør Hilde Hamnes i Fiskeridirektoratet region Nord.

Den same personen er også tidlegare meld for å ha forulempa to inspektørar i Fiskeridirektoratet og har vedteke bot for forholdet.

Publisert: 09.05.2022 13:36

Sist oppdatert: 09.05.2022 13:38

Mer om