Kort fortalt

MH370: Fann del av flyvinge

Det nærmar seg slutten for søket etter MH370.

21.09.2016
Havila Shipping-skipet Havila Harmony er ikkje lenger med på leiteaksjonen etter det sakna flyet MH370 frå Malaysian Airlines, eit søk som pågår over eit 120.000 kvadratkilometer stort område i sørlege Indiahavet vest for Australia.
110.000 kvadratkilometer av området er no ferdig gjennomsøkt, opplyser JAAC - den felles leiteorganisasjonen frå Australia, Malaysia og Kina.
Dei tre regjeringane har vorte samde om at det ikkje vert meir leiting etter flyet, om det ikkje skulle verte gjort funn eller kjem med nye opplysningar om kvar flyet kan liggje.
Leitinga i det definerte søkeområdet pågår no med to skip, og er forventa avslutta 20. desember.
Men det er no gjort det andre sikre funnet av restar av det sakna Boeing 777-flyet.
JAAC opplyser at det no er endeleg klarlagt at det var deler av ei flyvinge frå det sakna flyet som vart funne på øya Pemba utanfor kysten av Tanzania.
var ei internasjonal flyging frå Kuala Lumpur i Malaysia til Beijing i Kina. 8. mars 2014 forsvann Boing 777-flyet med 227 passasjerar og 12 mannskap.

Publisert: 21.09.2016 10:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44