Kort fortalt

Miljøvenleg hybridfiskebåt

Skal kutte 100.000 liter diesel årleg.

13.02.2019
NPK: Ein ny fiskebåt med batteri skal bidra til å minke utslepp.
Den nye fiskebåten kan kutte dieselforbruket med 25 prosent, eller 100.000 liter i året, ved å lagre overskotsenergi i batteriet, skriv NRK.no.
Båten er produsert i området rundt Måløy, og ganske snart tek skipper Kjell Bjørnar Bakken frå Bodø båten med seg heim til Nordland. Han fortel at dei nyaste teknologiske nyvinningane er tekne i bruk i utviklinga av båten.
– I tillegg til å fiske effektivt, skal vi også køyre billegare til og frå felt. Der er der den store gevinsten ligg, seier han.
Båten til Bakken har blitt 11 millionar dyrare enn andre fiskebåtar på grunn av miljøteknologien, men med støtte frå Enova torde skipperen likevel å satse. Utstyret er norskprodusert, noko som gjer det enklare, fortel han.
– Alle produsentane er dei beste på sine felt. Det ligg ein stor tryggleik der viss vi treng vedlikehald, seier han.
Totalt i Noreg finst det over tusen store fiskebåtar, og Sintef meiner desse til saman brukar vel 300 millionar liter diesel i året.

Publisert: 13.02.2019 14:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36