Kort fortalt

Milliardsvikt for treningssentra

Bransjen er tilbake på 2012-nivå.

22.02.2021

Treningssenterbransjen mista i fjor ei omsetning på over 1,3 milliardar kroner.

Meir enn kvar tredje treningssenterkunde har frose medlemskapen, og kvart tiande medlemmer har sagt opp abonnementet under koronakrisa, skriv Aftenposten.

Det viser ei undersøking blant Virkes medlemsbedrifter. Virke anslår ein omsetningsnedgang på 23,7 prosent frå 2019, som var eit rekordår for treningssenterbransjen. Det betyr at omsetninga blir svekt med meir enn 1,3 milliardar kroner, og at ein er tilbake på nivå frå 2012.

– Det har vore eit dramatisk år for treningssenterbransjen. Det viser jo tala når 97 prosent av medlemsverksemdene våre rapporterer å ha permittert tilsette det siste året, seier administrerande direktør Ivar Horneland i Virke til E24.

Horneland meiner treningssentera i Oslo og andre norske byar må få lov til å opne og at kommunane må vere opne for at ein kan forsterke smitteverntiltaka om smitten aukar lokalt.

Publisert: 22.02.2021 07:50

Sist oppdatert: 22.02.2021 07:51