Kort fortalt

Millionar til opprydding av marin forsøpling

Miljødirektoratet gjev tilskot til 28 prosjekt.

NPK
14.03.2024

(NPK): Miljødirektoratet gjev i år tilskot til 28 prosjekt som skal førebyggje og redusere marin forsøpling.

Direktoratet fekk inn totalt 62 søknadar om totalt 80,4 millionar kroner, og har fordelt 34 millionar på 28 prosjekt i 2024 og 2025. I tillegg blir det utbetalt 7,7 millionar som i fjor vart tildelt fleirårige prosjekt, skriv dei i ei pressemelding.

Blant dei som har fått stønad er Fjordane friluftsråd, Ryfylke friluftsråd, og Noregs Miljøvernforbund.

– Søppel i havet er ei stor miljøutfordring som vi arbeider med å få bukt med, både nasjonalt og internasjonalt. Den friviljuge innsatsen er kjempeviktig, og eg er glad for at det er mange som ynskjer å vere med på å rydde opp og førebyggje marin forsøpling, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i pressemeldinga.

Miljødirektoratet har prioritert å gje tilskot til store, samordna prosjekt som organiserer regionale eller nasjonale oppryddingstiltak. Dei har òg lagt vekt på å gje stønad til prosjekt som legg til rette for friviljug arbeid.

– Vi har i det siste sett mange døme på korleis plasten er skadeleg for dyrelivet i havet og langs kysten. Det er viktig å fjerne plasten frå naturen for å unngå at han blir broten ned til mikroplast. Vi er glade for å kunne dele ut midlar til eit så viktig formål, seier direktør i Miljødirektoratet Ellen Hambro.

(©NPK)

Publisert: 14.03.2024 14:09

Sist oppdatert: 14.03.2024 14:09

Mer om