Kort fortalt

Millionbot etter dødsulukke

Molde-firma må betale for brot på arbeidsmiljølova.

15.12.2023

(NPK-NTB): Eit selskap i Molde har fått ei bot på to millionar kroner etter at ein tilsett døde i ei arbeidsulykke i fjor.

Arbeidsulykka skjedde på ein byggjeplass i Molde 8. juli 2022, då Jo Are Støen (48) fekk ei betongblokk over seg.

Ein annan mann som var saman med den forulykka under arbeidet, vart sikta for aktlaust drap, medan arbeidsgivar vart sikta for ikkje å ha stilt forsvarleg arbeidsutstyr til disposisjon, skriv Steinkjer 24.

No har påtalemakta konkludert.

– Torsdag vart selskapet gitt eit førelegg på to millionar kroner for tre ulike brot på arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter, opplyser politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt, Sandra Grøtta Krakeli, til Steinkjer 24.

Saka er lagd bort mot den andre tilsette.

Politiet opplyser at selskapet, pårørande og andre partar i saka er gjort kjent med påtalevedtaka.

(©NPK)

Publisert: 15.12.2023 16:23

Sist oppdatert: 15.12.2023 16:23

Mer om