Kort fortalt

Millionbot til Måsøval

Meir enn 5000 leppefisk døydde ved avlusing.

15.01.2025

Mattilsynet har pålagt Måsøval eit gebyr på nær éin million kroner etter at 5.127 berggylter døydde ved  anlegget på Kvangardsnes i Volda, ifølgje Sunnmørsposten

Oppdrettsselskapet har base på Frøya og hendinga skjedde då fisk kom inn i behandlingssystemet i samband med avlusing. 

Mattilsynet meiner selskapet burde ha sytt for å fiske ut berggyltene før avlusinga, og at selskapet handla med forsett.

 Måsøval reagerer i sitt svar på at Mattilsynet hevdar dei let vere å fiske ut leppefisken av økonomiske årsaker. Dei har også klaga på storleike på gebyret, utan å nå fram med sitt syn. 

Publisert: 15.01.2025 10:38

Sist oppdatert: 15.01.2025 10:38

Mer om