Kort fortalt

Milliongjeld etter ferdighuskonkurs

Tresfjord-firma melde oppbod.

24.01.2022


Nerheim Eiendomsutvikling AS i Tresfjord har meldt oppbod med ei samla gjeld på kring to millionar kroner, ifølgje Sunnmørsposten.

Verdien i firmaet skal vere kring 40.000 kroner, ifølgje papira frå Møre og Romsdal tingrett.

Siste rekneskapen viser eit underskot på 1,5 millionar kroner av ei omsetning på 4,8 millionar. Eigenkapitalen er tapt.

Første skiftesamling er 28. februar.

Publisert: 24.01.2022 19:40

Sist oppdatert: 24.01.2022 19:41

Mer om