Kort fortalt
Milliongjeld etter Volda-konkurs
Teknologiselskap over ende.
Marius Rosbach
05.10.2023
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs selskapet Kanstad Teknologi.
Det Volda-registrerte selskapet blei starta opp på slutten av 1980-talet og det var leiinga som melde oppbod til tingretten.
Selskapet har ei gjeld på nær 3,5 millionar og ingenting av verdiar. Verksemda er innstilt og det har ikkje vore inntekter i selskapet dei siste åra.
Bustyrar i saka er Espen Rekkedal og første skiftesamling er planlagt 3. oktober.
Publisert: 05.10.2023 10:05
Sist oppdatert: 05.10.2023 10:05