Wavefoil vinge Foto Wavefoil 22
SLUTT FOR WAVEFOIL: Arbeidet med å slå gjennom kommersielt med uttrekkbare venger fekk ein brå slutt i Wavefoil i sommar. Ideen lever likevel vidare etter at eit Oslo-reiarlag kjøpte konkursbuet. Foto: Wavefoil
Nytt

Konkursveksten har dabba av

Etter eksplosiv auke på starten av året, har veksten dempa seg - og færre selskap har gått over ende i nordvest.

Marius Rosbach
30.09.2023

2023 starta med eksplosiv auke i konkurstala på Nordvestlandet samanlikna med fjoråret. Etter to månader var det opna 73 prosent fleire konkursar i Møre og Romsdal og Nordfjord-kommunane.

Ved utløpet av 3. kvartal, viser statistikken at veksten har blitt svakare med ei auke i talet på konkursar i Møre og Romsdal på kring 30 prosent samanlikna med same periode i fjor.

I Nordfjord-kommunane Kinn, Stryn, Stad og Gloppen er talet på same nivå som i fjor – med 15 konkursopningar til saman ved utgangen av september i år.

Veksten flatar ut
I snitt gjekk langt færre selskap over ende i 3. kvartal i Møre og Romsdal, samanlikna med første halvår, viser tal frå Brønnøysundregistera.

118 konkursopningar første halvår i Møre og Romsdal i år, gav eit snitt på kring 20 i månaden.

Ved utløpet av september er talet konkursopningar i fylket vekse til 143 – som gir knappe 9 konkursar i månaden siste kvartal.

Tre bransjar på topp
Tre bransjar toppar statistikken i Møre og Romsdal i år – som ved utløpet av fjoråret. Dei utgjer likevel ein mindre del totalt av dei konkursråka selskapa.

Bygg og anlegg toppa konkursstatistikken mot slutten av fjoråret med kring 25 prosent av konkursane i fylket. I år er talet nede på 20 prosent selskap frå denne bransjen.

Framleis er det flest selskap som har vore i drift i få år, som går over ende, men nyleg melde også husbyggjarfirmaet Total-Bygg i Hjørungavåg oppbod etter meir enn 60 år i bransjen. Mangel på oppdrag var årsaka.

Varehandel var på 2. plass over dei verst råka bransjane då fjoråret gjekk mot slutten. Overnatting og serveringsbransjen var då på 3. plass. Slik er situasjonen også i år.

Langset-konkursar størst
Den mest omfattande verksemda som har gått konkurs på Nordvestlandet i år, er Langset-selskapa Langset KMC As og Langset Yard Services.

Til saman hadde selskapa kring 140 tilsette då dei melde oppbod i mars. Dei tilsette fekk nye jobbar i andre selskap og konsernet tok over oppdraga til dei konkursråka bedriftene.

Fleire enn 75 tilsette blei også råka då PE Bjørdal ga opp drifta i slutten av mai. I ettertid har den tidlegare leiinga starta opp att i mindre skala med Steel Tech.

Geiranger Bakeri-selskapa er óg mellom dei største konkursane i regionen i år. Til saman sju selskap melde oppbod og kring 35 tilsette stod utan jobb i januar. I fleire av lokala er det no ny verksemd.

Publisert: 30.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 30.09.2023 02:12

Mer om