Millionkrav i pizzakonkurs
Hadde store ubetalte rekningar til skatteetaten.
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Larina As, som tidlegare gjekk under namnet Express Pizza Royal.
Selskapet skal ha drive pizzarestaurant i Apotekergata i Ålesund sentrum.
Bustyrar i saka er Cathrin Myre Skram og første skiftesamling er planlagt 24. juni.
Bakgrunnen for konkursen er krav på over ein million kroner frå skatteetaten. Krava omhandlar mellom anna manglande betaling av tvangsmulkt, moms, arbeidsgivaravgift og trekk for skatt.
Ingen frå selskapet møtte i tingretten, og det var ikkje meldt gyldig grunn til forfallet. Styreleiar og dagleg leiar står registrert utan fast bustad og registrert telefonnummer er ikkje i bruk. Retten har ikkje lukkast med å få kontakt med vedkomande, ifølgje rettspapira.
Retten antek at selskapet er insolvent, og at innehavaren ikkje kan gjere opp gjelda.
Det siste rekneskapen er frå 2022. Det viser inntekter på nær ein halv million kroner og eit resultat før skatt på nær 200.000 kroner.
Publisert: 07.05.2024 13:53
Sist oppdatert: 07.05.2024 20:28