Konkurs butikk aalesund foto marius 11
INGEN AUKE: Talet på konkursar blant bedriftene på Nordvestlandet, er førebels på same nivå som i fjor Foto: Marius Rosbach
Nytt

Konkursauken har ikkje slått til

Frykta for at langt fleire bedrifter må stenge dørene, verkar overdrive etter første kvartal.

Marius Rosbach
02.04.2024

Etter at næringslivet for alvor har fått merke effektane av dyrtida, har det vore spådd betydeleg konkursauke. Etter første kvartal er det ingenting som tyder på at det skal slå til på Nordvestlandet.

Nivået på konkursopningar etter årets tre første månader, er om lag som i fjor – då talet gjekk opp etter fleire år med få konkursar under pandemien.

I Møre og Romsdal har det vore 59 konkursar ved utløpet av mars månad. I 2023 var det nesten nøyaktig same tal, 57 konkursopningar, i løpet av første kvartal, viser tal frå Brønnøysundregistera.

Det er framleis bygg- og anleggsbransjen som er råka av flest konkursar i fylket med 19 så langt i år. Dei utgjer med andre ord om lag ein tredel av alle selskap som har gått over ende.

Varehandel kjem på ein andreplass med 13 konkursar i Møre og Romsdal i løpet av første kvartal.

To konkursar i Nordfjord
I Nordfjord-kommunane har det berre to konkursar så langt i år. I Stad melde designbyrået Blåmyra oppbod i februar og i mars var det slutt for butikkselskapet Adieu i Måløy, som selde kle via nett og butikk.

I Stryn har det ikkje vore ein einaste konkurs så langt i år. Det har det heller ikkje vore i Gloppen.

Slutt for fleire tradisjonsrike bedrifter
Trenden med at fleire etablerte selskap må gi opp drifta, verkar helde fram.

23 tilsette missa jobbane sine og fire More Woman-butikkar stengde dørene, etter at fire selskap - mellom anna Møre Konfeksjon melde oppbod i vinter. Dermed var det slutt på den nær 70 år lange historia til kle- og tekstilbedrifta med base i Volda.

For få veker sidan vart entreprenørbedrifta Hole Maskiner ein del av statistikken. Sykkylven-bedrifta har vore i bransjen i meir enn 70 år og 25 tilsette vart utan arbeid.

I Ulstein melde Tinde Design & Trykk oppbod etter nær 40 år i bransjen. Også Ålesund-selskapet Boligbygg Møre som blei starta tidleg på 1990-talet, har lagt ned verksemda i løpet av første kvartal.

Stengde dørene – og opna igjen
Bakeriverksemda til Bakerinnå i Bråttvag som også satsa på Ålesund-avdeling, var mellom bedriftene som ga opp drifta i vinter.

I februar kunne Marlen Katrin Hildre-Almstad - som tidlegare var drivar av bakeriet – fortelje at same gjengen skal halde fram – men i ulike roller.

Publisert: 02.04.2024 05:00

Sist oppdatert: 02.04.2024 09:31

Mer om