Kort fortalt

Millionstøtte til Hafast

Fylkespolitikarane vedtok støtte.

Marius Rosbach
23.02.2021

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok måndag å støtte Hafast med ein million kroner.

NETT NO omtalte i haust målet om å få inn seks millionar kroner for å jobbe vidare med fastlandssambandet som inneberer å bygge bru mellom Hareidlandet og Sula.

Styreleiar Harald Tom Nesvik roser i ei pressemelding korleis næringslivet og kommunar har stilt opp med støtte framfor behandlinga av Nasjonal Transportplan i vår.

– Eg vil oppmode fleire små og store bedrifter til å bli med i HAFAST og bli med oss framover. Desto fleire vi har med oss, jo betre sak har vi ovanfor stortingspolitikarane når dei skal fatte ei endeleg avgjerd i denne saka, seier styreleiaren i meldinga.

Publisert: 23.02.2021 15:32

Sist oppdatert: 23.02.2021 16:40

Mer om