Kort fortalt

Millionstøtte til nye studieplassar på fagskule

19.02.2024

(NPK-NTB): Regjeringa øyremerkjer 21,5 millionar kroner som skal gå til 500 nye studieplassar i fagskulane frå hausten 2024.

– Dette er eit stort løft for viktige utdanningar. No får endå fleire høve til å ta høgare yrkesfagleg utdanning, og det er stor etterspurnad i arbeidslivet etter folk med denne kompetansen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei pressemelding.

Oslo, Rogaland, Innlandet og Trøndelag er fylka som får flest plassar.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) fordeler midlane, medan det er opp til fylkeskommunane å bestemme korleis pengane skal fordelast til skulane.

(©NPK)

Publisert: 19.02.2024 08:57

Sist oppdatert: 19.02.2024 08:57

Mer om