Arctic Algae Melissa Elliman Hogne Hallaraker Lik Theng Ho foto Marius
I GANG MED PILOTPROSJEKT: Gründerselskapet Arctic Algae har rekruttert høgt kvalifisert arbeidskraft til Sunnmøre. Australske Melissa Elliman og Lik Theng Ho frå Malaysia jobbar som utviklingsleiarar saman med dagleg leiar Hogne Hallaråker. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Reiste halve jorda rundt for å jobbe med algeolje

Arctic Bioscience-gründeren bygger nytt bioteknologiselskap med hjelp frå Australia og Malaysia.

Marius Rosbach
07.02.2025

Kva effektar kan ein finne i algeolje og kven kan vere interesserte i å kjøpe den? Det er mellom spørsmåla selskapet Arctic Algae skal finne ut i løpet av dei neste åra. 

– Vi held på å lage ei olje som har mange av dei same eigenskapane som olja vi brukar til farmasøytiske produkt frå sild, fortel Hogne Hallaråker til Nett No.

Han har vore dagleg leiar av bioteknologiselskapet sidan våren 2023 og er kjent for Nett No sine lesarar som gründeren bak Arctic Bioscience – som tok over som eigarar av Arctic Algae for kring to år sidan.

Ørsta-selskapet jobbar som kjent med å utvikle eit legemiddel mot psoriasis av sildeoljeprodukt. 

No håpar Arctic Algae at dei kan vere det neste selskapet som står for tur til å starte ein slik prosess.

Har rekruttert frå andre sida av kloden
I dag er det fire personar som jobbar Arctic Algae. Utviklingsarbeidet skjer i Ørsta, i same lokala som eigarane i Arctic Bioscience. 

Arbeidet med å utvikle algeolje på laboratoriet i Hovdebygda har rekruttert høgt kvalifisert arbeidskraft langvegsfrå. Australske Melissa Elliman og Lik Theng Ho frå Malaysia jobbar begge som utviklingssjefar i selskapet. 

– Dei har ei kompetanse som er temmeleg unik, og så har dei ein forkjærleik for Sunnmøre, seier Hallaråker. 

I staden for steikande hete «året rundt» slik dei er vande med i heimlanda, sett dei pris på det kjølege klimaet på Nordvestlandet, fortel han. 

Å jobbe med algar har vore draumen min sidan universitetet
Lik Theng Ho

– Elskar å vere ein del av denne reisa
Utviklingssjefane fortel om ein fascinasjon for den norske naturen og at det bidrog til at dei begge ville kome til Norge.

– Å jobbe med algar har vore draumen min sidan universitetet. Her får eg takle spennande utfordringar i algebiologi i ein vakker fjord, fortel Lik Theng Ho. 

Å jobbe i saman med eit tverrfagleg team som stadig kjem med nyskapande idear, er ein anna fordel ho trekk fram. 

Australske Melissa Elliman fortel at ho fann lidenskapen for algar då ho studerte i heimlandet.  

– Eg hadde aldri førestilt meg at noko så lite både kan innehalde så mykje viktig og vere litt mystisk på same tid, fortel ho.

Ho er begeistra over selskapet og korleis dei legg vekt på berekraft i arbeidet.

– Eg elskar å vere ein del av denne reisa, fortel Elliman. 

Arctic Algae Melissa Elliman foto Arctic Algae
FRÅ AUSTRALIA: Marinbiologen Melissa Elliman fortel at ein strandtur etter ein storm under ein norgesferie nordpå, gjorde at ho bestemte seg for karrierevegen. Foto: Arctic Algae

Kan vere klar innan to til tre år
For augneblinken er Arctic Algae i pilotfasen i eit utviklingsløp med algeolja.

Hallaråker fortel at dei nyttar ein lokal algetype som silda også livnærer seg på. Dei går dermed eitt steg ned i verdikjeda samanlikna med fiskeolje.

– Vi kan finjustere kva vi ønsker å lage, og deretter kor stor biomasse vi vil lage, fortel Hallaråker. 

Målet er å kome fram til den rette olja, og deretter skalere opp produksjonen. Om alt går etter planen, kan ei ferdig olje vere godkjent og klar for marknaden i løpet av to til tre år. 

– Når du har ei olje du er nøgd med, både teknisk og kva innhald den har, så tek du ei avgjerd om kva målgruppe du vil gå for, sjølv om du på førehand har definert marknaden, fortel han om prosessen. 

Arctic algae algebibliotek 1
ALGEBIBLIOTEK: Målet til Arctic Algae er å kome fram til den rette olja, og seinare skalere opp produksjonen. undervegs testar dei ulike type oljer. Foto: Arctic Algae

Siktar seg inn mot legemiddelmarknaden
Hallaråker fortel at selskapet siktar seg inn mot marknaden for legemiddel. Planen er at Arctic Algae skal lage olje som eigarane i Arctic Bioscience kan nytte i sin produksjon. 

– I tillegg er det andre potensielle samarbeidspartnarar og kundar, seier Hallaråker. 

Selskapet er mellom anna involvert i eit samarbeid med Tafjord Kraft og Hyperthermics som kan kutte utsleppa frå forbrenningsanlegget i Ålesund betydeleg. 

Dei jobbar også inn mot yngelfasen i marin akvakultur. Her blir ofte mikroalgar brukt som startfõr, eller «hjelpestoff» til små fiskelarvar av blant anna torsk, kveite og leppefisk.

Krev eit betydeleg arbeid
Algar er kjent for å ha ulike eigenskapar, og i tillegg til oljer, kan dei vere grunnlaget for protein og andre ingrediensar.

For å kome i mål med ei olje som er klar for marknaden må selskapet mellom anna dokumentere korleis produksjonen er skjedd med temperatur, lys og straumforhold.

Ulike oljer møter ulike krav til godkjenning. Olje som skal nyttas til menneskeføde må gjennom dei strengaste krava. I farmasøytisk industri er krava annleis og ofte enklare. Likevel krev det eit betydeleg arbeid for å kome i mål med eit godkjent legemiddel. 

Ressurskonferansen Foto Anne Marthe Vestre Berge
RESSURSKONFERANSEN: Arctic Algae var mellom ein rekke bedrifter som nyleg fortalde om arbeidet sitt under Ressurskonferansen på NMK i Ålesund. Foto: Anne Marthe Vestre Berge

Vil trenge meir kapital
Parallelt med arbeidet i laboratoriet i Hovdebygda, blir det jobba med å sikre finansiering til det vidare arbeidet. 

Hallaråker kan førebels ikkje seie kor mykje kapital det vil vere behov for og reknar med at det vil skje i fleire steg. 

– Ein må finne partnarar som er positive til å vere med å sikre vidare vekst, seier han.

– I dag jobbar vi sjølve med eit nettverk som er interesserte i å vere med. Så må vi sjå kva pilotresultata blir, før vi går vidare til neste fase. Potensialet er voldsomt, legg han til.

Publisert: 07.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 06.02.2025 21:01

Mer om