Kort fortalt

Mindre bedrifter krev hjelp

Ber staten ta rekning for sjukefråvær.

14.12.2021
(NPK-NTB): Staten må ta kostnaden med sjukefråvære frå dag éin, meiner organisasjonen for små og mellomstore bedrifter, SMB.


– Det er uforståeleg for oss at dei ikkje adresserer ein av dei største koronarelaterte kostnadene, nemleg arbeidsgivarperioden ved sjukefråvære. Det er heilt nødvendig at regjeringa tek desse kostnadene allereie frå første dag, seier SMBs administrerande direktør Jørund Rytman.

SMB er fornøgd med at lånegarantiordninga for bedrifter blir gjeninnført, men etterlyser detaljane i lønnsstøtteordninga, som regjeringa jobbar med.

– Det hastar, understrekar Rytman.

(©NPK)

Publisert: 14.12.2021 13:52

Sist oppdatert: 14.12.2021 13:53

Mer om